Nyskapande vin frå kanten av Sognefjorden.

Velkomen til ein nesten umogeleg frodig fruktgard på Leikanger i Sogn.

Vinrankar i gamal fjordbotn.

På Baldervoll Frukt- og Vingard på Leikanger dyrker vi vindruer der mange ikkje trudde det let seg gjere: 61,1 grader nord ved kanten av Sognefjorden i Norge. 

Siden 2022 har vi planta ut 2300 vindruerplanter av 12 ulike druesortar. 

Frå fjordkanten og oppover dei fruktbare teigane på Husabø trivst plantane godt i perfekt helning mot sola. Det lange norske sommarlyset og refleksjonane frå fjorden gir langsom modning og særprega friskheit.

Vi dyrkar etter økologiske prinsipp, med omtanke for samanhengen mellom jord, planter og naturen rundt oss. Eit rikt liv i jorda er grunnlaget for sunne planter og frukt med tydeleg karakter. 

Jorda på Leikanger er gammal og næringsrik. Vinrankene våre har røtene i sedimenta som havet etterlet seg i fjordlanskapet etter istiden. Vi trur det kan gje druene ein unik karakter. 

På Baldervoll dyrkar vi og saftige eple, pærer, plommer og aprikosar.

Bak vinen på Baldervoll står “vintrioen” Leif Inge Husabø, Iselin Kjelsaas og Roar W. Vangsnes. Saman med åtte andre lokale vingardar utviklar vi Sogn som verdas nordlegaste kommersielle vindistrikt. 

Unike smakar frå Baldervoll

Målet vårt er å klemme ut det beste og mest spanande frå Baldervoll si fantastiske frukt. 

Vi eksperimenterer med ulike druesortar, blandingar og produksjonsteknikkar.

I 2024 vann vi Noregs beste musserande vin med “Baldervoll Sprudlande Signe”, laga på drua Solaris. 

Velkomen på vinsmaking og gardsbesøk

Kontakt oss for å avtale vingardsbesøk. Vi tilbyr omvisning i frukthagane våre, og vinsmaking på vår fantastiske pergola med utsikt over Sognefjorden. Opplev smakane frå Baldervoll, og velkomen til ei unik oppleving i verdas nordligste vindistrikt.